Erik Ulfsby

Erik Ulfsby er teatersjef ved Det Norske Teatret, eitt av landets to nasjonale teater og leiande i utviklinga av scenekunst i Norden. Ulfsby er utdanna skodespelar, men har særleg markert seg som regissør og teaterleiar. Han er ein ettertrakta regissør innan både musikalar, revy og moderne klassikarar. Han har stått bak suksessar som Jungelboka, Jesus Christ Superstar, Shockheaded Peter og Spelemann på taket på Det Norske Teatret. Han har vunne ei rekke prisar for arbeidet sitt og har 5 år på rad mottatt Komiprisen for prosjekter han har regissert. Den mest prestisjetunge teaterprisen Hedda gikk til Jungelboka, Bollywood Ibsen og Shockheaded Peter. Noreg har ein lang tradisjon for utespel og i 2014 revitaliserte Ulfsby Peer Gynt ved Gålå, eit av spela med lengst historikk. "Åpenbaring i fjellheimen", skreiv landets største avis etter premieren. 

Ulfsby har i si tid som teatersjef blåst nytt liv inn i Det Norske Teatret. Han har økt produksjonstakten betydelig, lagt om til repertoarspel og sørgja for auka publikumstilstrøyming. I tillegg etablerte han Det Multi Norske; ei utdanning som tar sikte på å utdanne skodespelarar med ulik etnisk bakgrunn for å møte det nye Noreg og for å spegle samtida i eit meir mangfaldig samfunn. 

Ulfsby har satsa djervt, blant anna gjennom dramatiseringa av Bibelen, ei 6-timers jubileumsframsyning i samband med teatrets 100-årsfeiring i 2013. Våren 2016 dramatiserte Det Norske Teatret Andre verdskrigen – Natt i verda, eit prosjekt som tok 8 timar og som òg blei spelt frå midnatt. Forfattarane er Lukas Bärfuss, David Greig, Oleg Bogaev og Maria Tryti Vennerød. Regien var ved Erik Ulfsby. Nye monumentale prosjekt er under planlegging og våren 2017 har han igjen invitert Robert Wilson til teatreret. Denne gongen for å setje i scene Edda gjendikta av Jon Fosse.